28/6/2019

BS Nytt veke 26

Ferietida er i gong, men me har prosjekt og arbeid som må gå også i ferien både betong- og grunnarbeid.

Arbeida medrehabilitering av finverk 100 for Roxel Energy på Norsk Stein  skrider framover, og me har armert og klargjort ein større støyp i neste veke, dette blir del 1 av 3 på dekke.

På Sauda Kommune sitt reinseanlegg på Tangen har me no støypt golver både i 1. og 2. etasje og fylt massar inntil bygget på området mot nord – øst.

 

Hjå Terje Olsen og Sigrid Klyve på bustadtomta i Trosavikåsen har me denne veka støypt plata for bustaden og ringmur til garasjen

For Saudefaldene held me på med armering -forskaling for tappeluka ved Svartkulp for ein påstøyp på vegg i utløpskanal.

Bjørn tore har gjort seg ferdig med maskinarbeidet og er no i gong med ei bustadtomt ved Rødstjern for Arve Solheim.

 

For Eramet har me støypt ny betongplateved bilvekta og i tillegg nokre tilpasningar ved vekt og trapp.

 

Tommy har gjort seg ferdig med nokre arbeider for Statnett på Austerheim og er no ved Ryfylke bygg sine leiligheter på Åbø

 

Elfinn er i Fivelandsområdet og byggjer skogsveg.

Arnt Øystein og Kai S Årthun har startaopp prosjektet VA Åbødalsvegen 79 ved inngongspartia på sjukehuset. Blant annaskal det klargjerast for framtidig fjernvarme.

For Fiveland kraftverk dette stadig fleire brikker på plass når det gjed søknader og dispensjonar frå det offentlege, og me vonar det skal ordne seg med oppstart etter ferien.

I Lona har me fått nokre arbeider med å plastre elvekanten etter skader frå flaum, her må også tiltaket søkjast om og NVE me gi sine føringar før oppstart, men denne prosessen er me i gong med.

Ferietid

Ferietida startar no, og ein del blir vekke frå måndag av, endå fleire tar ferie frå neste måndag av, så dei neste vekene vert nok litt prega av ferieavvikling.

 

Toril takkar for blom og gåve som hu fekk til 60 – årsdagen sin.

 

Ha ei god veke!