19/6/2020

BS Nytt veke 25

Full sommar har me, og godt driv hjå oss.

Rørbend blei støypt sist fredag på Fivelandselva krafftverk, og forskalinga er riven, og det er fyllt ned og røyrlegginga videre er i gang. Ved inntak har me gravd ut og starta handreinsk og spyling før støyping.

På kraftstasjonen er montasje av turbin no i gong.

 

På Eramet har med vore litt til og frå i forhold til ymse arbeider under ovns –stansen denne veka.

 

På Norsk Stein har Leif Kåre og Reidar støypt plata for utvendige reolar ved det nye lageret. Dag Magne har sjølv fått prøvd seg på verkstaden der ute. Og Olav og Kjell har hatt full drift med maskinane.

 

Gunstein er utleigd til Stangeland for bygginga av kraftverket i Svandal. Han vert der med hjulmaskina fram til ferien.

 

Stian er i god gang med tomt for påbygg på ei hytte i Djuvsbotn-feltet.

 

Gjermund og Nils Gunnar er fortsatt på Statnett Austerheim, men har og vore involverte i arbeidene på Eramet denne veka.

  

Gratulera med dagen til Toril på søndag 21. Juni!

 

Sten Vidar takkar for blomane.

 

 

Ha ei god veke!