21/6/2019

BS nytt veke 25

Også denne veka har me hatt det travelt med mykje betongarbeid i store og små prosjekt og også ein del grunnarbeid.

For Roxel Energy på Norsk Stein har me denne veka armert på dekke og kjernebort for bolter til lavetter på overbygget.

På Vedlikehald er Daniel og Håvard denne veka på 5 skift for å hjelpe med få gong på grovknusaren som havarerte. Olav og Kjell er fortsatt på gravearbeider.

 

På Sauda Kommune sitt reinseanlegg på Tangen har me denne veka starta med intillfylling med gravemaskin, Tommy med maksin tek seg av dette og så klargjer me for golvstøyp i andre etasje.

 

Hjå Terje Olsen og Sigrid Klyve på bustadtomta i Trosavikåsen har me støypt ringmur og klargjort for platestøyp.

 

For Saudefaldene har me hatt god drift på«lukejobben» ved Svartkulp. Blant anna ser me Bjørn Tore driv med fjernstyrt«leiketøy».

 

For Eramet har me støypt ei plate i ferdigvaren og er i gong med grunnarbeid til ny platestøyp ved bilvekta, men der har me fått ei endring med installasjon av septiktank før me får støypt plata.

 

For Ryfylke Bygg sine leiligheter på Åbø har me planert og ført opp ein fasademur mot nabo og støypt golver i carportarog inngongsparti..

 

 I grustaket har me fått produsert opp ein god del støypesand som bør dekke behovet til utpå haustparten.

Gratulera med dagen til Toril 6 x 10 hurra! Og gratulera til Johnny i morgon!

 

Ha ei god veke!