14/6/2019

BS Nytt veke 24

Me har no fått det travelt med mykje arbeid i både større og mindre prosjekt.

På Norsk Stein har me no fullt trøkk på arbeida med rehabilitering av Finverk 100. Me har satt på ekstra ressursar i form av eit par sommarvikarar og det vert enda fleire frå måndag av. Jan Erik gjer eit midlertidig «comeback» for dette prosjektet og me leiger inn eit par mann.

Me har skaffa ny kjerneboremaskin som trengs når det skal kjerneborast 100 hull. Tor Helge prøvar den ut på jomfruturen her.

Karane frå oss på vedlikehald og graving er og stadig i drift hjå Norsk Stein.

 

På Tangen vert det i dag golvstøyp i første etasje, me har god framdrift no, og over helga vil me starte litt med inntilfylling med gravemaskin.

 

Dalekovod starta denne veka ein tri veker sommarferie, i denne perioden vil det då ikkje bli levering av betong til dei, og heller ikkje drift på gravemaskinane som er parkert i heia.

 

For Saudefaldene er me tinga til ein «lukejobb»ved Svartkulp. Bjørn Tore er engasjert med gravemaskin og Geir Egil og Håkon tar seg av betongarbeid.

 

I Svandalsvegen har Gunstein rive ein garasje og gjort noko grovplanering for garasje for Kirsten Indreland. Etterkvart er det plan om ny garasje der.

 

For Eramet skal me i neste veke klargjere for ein større platestøyp, som det krevs ein gravemaskin for.

 

For SR Entreprenør har me fortsatt gode leveransar av betong til Statnett Austerheim, og etter kvart no vert det leveransar til våre eigne prosjekt som på Norsk Stein og Ved Reinseanlegget på Tangen.

 

 

HMS:

Ved arbeid i høyden og på kantar gjeld det særskilte reglar for sikring, me må være obs på dette, som er aktuelt no ved arbeida på Norsk Stein. Her er det gjort gode tiltak som vert fulgt tett opp.

 

Gratulera med dagen i går til lærlingen vår Theodor! Han er i lære i faget som anleggsmaksinmekanikar.

 

Ha ei god veke!