7/6/2019

BS nytt veke 23

Me er merkbart komne i den travle sesongen og har variert arbeid både på betong- og grunnarbeidssida.

Denne veka har me komme godt i gong med arbeida for å rehabilitere finverk 100 på Norsk Stein, me erblitt ferdige med meisling og tetting på dei fleste utsparingane i gammalt dekke og no er det kjerneboring i vegger for kryssande armering.. I tillegg har me no fått både teikningar og bøyelister, og dermed kan me konsentrere oss om god og sikker framdrift og organisering av ressurser. Det vert no fortgang i arbeida med armering på nytt dekke.

 

Fortsatt har me og Håvard og Daniel på vedlikehald og Olav og Kjell på generelle gravearbeider der ute.

 

På Reinseanlegget på Tangen har Ølen Betong ferdigstilt montering av element denne veka. Me er i tillegg sjølv komne i gong med klargjering for platestøyp på lagerrom i første etasje og utvendig isolering på vegger.

 

For Dalekovod nærmar det seg stopp på grunn av avvikling av tidleg sommarferie for deira del.

Men me har hatt god framdrift på graving for mastefundamenter, og mest daglige leveransar av betong denne veka.

 

Elfinn og Bjørn Tore med sine gravemaskinar er no ferdige med sine oppgåvar og flyttar seg til nye arbeider begge to.

 

Betongarbeida for hyttetoma til Kjetil- og Lene O Håheimsnes er no ferdigstilt og bygging av sjølve hytta kan starte.

 

I Birkelunden er me ferdige med betongkum for Sauda fjernvarme og kan no fylle inntil og planere området.

 

For Sverre Almenningen har me planert og ferdigstilt grunn- og betongarbeida til ny garasje.

 

I Grustaket har me satt i gong grovknusing att og me sorteterer og levere stadig kulestein. Me har og miljømessig kortreist betong og massar frå vårt grustak / blandeverk til store og små behov i Sauda og omegn!

 

 

Hovlandsnuten opp:

I helga vert dette storstilte motbakkeløpet arrangert i bygda vår. Me er stolt bidragsytar og heiar på arrangementet og deltakarane både dei mest aktive og dei i trimklassen.

 

Me oppfordrar alle hjå oss til å delta på ønska vis, diverre har me ikkje fått stilt lag i tevlinga for bedrifter i år.

 

Ei aktiv fritid med frisk luft og fysisk aktivitet kan løne seg også i eit HMS perspektiv. Det gjer godt både for den fysiske og psykiske helsa!

 

Gratulera med dagen til Ove og Øyvind på tysdag!

 

Ha ei god veke!