29/5/2020

BS Nytt veke 22

Det går på fullt rundt om i våre prosjekt og været er bra sjølv om snøsmelting og kan var utfordring for oss.

På Fivelandselva kraftverk har me denne veka lagt røyr i elvekryssinga, men forsøk på å legge om elva måtte avbrytast da det var for store vassmassar av snø-smelting. Nytt forsøk blir gjort etter helga når me antar det har blitt god nedsmelting. Oppe ved inntaket har me imidlertid vore heldige med grunnforholda, og klarer der å få laga ein god tettingsvoll som skal gjera byggegropa bra tørr både for inntak og for demning. Vegstenginga me hadde på Fiveland denne veka vart uproblematisk, med lite trafikk, og vegen vart raskt opna. Vidare stenging skal også gå greitt slik me ser på det. Moglegheitene for å leia om trafikk vil opna seg. På stasjonen tar me også litt meir betongarbeid no, men i hovudsak må me venta til turbinen vert installert for å kunne fortsetje.

På Esso vert det ny asfalt.

Hjå Terje Olsen og SigridKlyve i Trosavikåsen vart det lagt jord denne veka, og hagen er snart ferdig opparbeida.

 

I grustaket er me ferdige med produksjonen av grøftesand til Kvilldal, og det vert no produsert betongtilslag.

 

På Rabben 10 i  Svandal er betongarbeida for tilbygg ferdigstilte.

I Hageveien er muren støypt, og det skal no fyllast inntil og klargjerast for asfalt.

 

For BRG på Statnett Austerheim har Gjermund og Nils Gunnar denne veka starta riving av eit lagerbygg.

På Norsk Stein er det Kjell, Olav og Ole Magnus som har vore våre representantar denne veka, men me har fått oppdraget med ei betongplate utanfor det nye lagerbygget, og også nokre andre mindre betongarbeider.

 

Tjødnaskar

Me fekk fin blom frå grunneigerane på Espeland som er nøgde etter bygginga av skogsvegane opp mot Tjødnaskar. Tusen takk, dette sette me stor pris på!

HMS - Hugs vernerunder:

Hugs på å ta vernerunder. Ein kan tilpassa omfanget, og det må ikkje alltid komme som eit krav frå leiing, eller bygghere, men er flott om den einskilde tek initiativ til dette.

Gratulera med dagen til Gjermund som var på måndag 25. mai! Og gratulera også til Tommy som har dagen sin på søndag.

 

Takk for innsatsen til Johnny Frøystad som går av med AFP i dag etter over 40 år hjå Brødrene Selvik!

 

 

Ha ei god Pinsehelg og veke!

PS -Hugs å føre mandag som bevegelig helligdag 2. pinsedag i Proresult.