31/5/2019

BS nytt veke 22

I Fjelleheimen har me hatt vinterlege forhold, og det har vore kaldt og surt ellers og. Veka har hatt høg aktivitet.

Også denne veka er det på Norsk Stein me har flest av våre ressursar på ein plass. Fortsatt er det ein god gjeng på arbeida med rehabilteringa av finverk 100. I tillegg har me eit par tippbilar som køyrer massar til tomt for nytt lagerbygg. Og to mann er på vedlikeahald og to mann på generelle gravearbeider fortsatt.

 

På Reinseanlegget på Tangen har Ølen Betong fortsatt med monteringa av element også denne veka. Me ser eit bygg som reiser seg og trer meir fram i bybildet no.

 

For Dalekovod har det vore vinterlege forhold i fjellheimen, men fortsatt er det god drift med utgraving, og betongarbeid for mastefundament i fjellheimen, både i Sauda og Suldal.

 

På Statnett er Gjermund og Nils Gunnar stadig i drift med diverse arbeider for BRG, Statnett og Veidekke.

 

Elfinn har no flytta seg til Austarheim der det blir nokre oppdrag for Statnett og Brødrene Thorkildsen.

 

På hyttetomt til Lene Olsen Håheimsnes og Kjetil Håheimsnes i Åbødalen driv Wojciech og Darius for fullt med betongarbeid.

 

Bjørn Tore har flytta seg vidare til ei hyttetomt for Karl Gustav Lofthus i same område som skal gravast ut og borast og sprengast, for dette er Tommy også engasjert.

 

 

 HMS:

Me søker stadig forbetring i HMS arbeidet og lettfatele gode dokument er ein viktig del av dette. Margrethe arbeidar for tida med forbetringa av HMS dokumenta i Proresult.

Gratulera med dagen til Tommy i dag! Og til Heidi på måndag!

 

Ha ei god veke!