14/5/2020

BS Nytt veke 20

I dag er det mest julestemning ute, men fortsatt godt driv hjå oss!

På Fivelandselva kraftverk legg me no opp til å starte elvekryssing over helga. Sikringsproppen er delvis tatt vekk, og vil bli fjerna heilt på måndag. Da blir det støyping av ny tettevegg etter oppfylling. Me reknar også med å nærma oss punktet for etablering av bend neste veke, og då vert det ein litt  større betongjobb med dette. Først må det skapast ein sole, og deretter monterast røyr oppi denne før full innstøyping.

 

Stadig har me og ein del småarbeid. Denne veka  har me blant anna utbetra flomskade hjå Solgunn Selland i Hellandsbygd, ferdigstilt parkeringa på Fløgstadneset 22, og flytta hydrant her på Treaskjæret.

I Svandal har me leid inn Geir Jostein Søndenå med gravemaskin for eit tilbygg på ei hytte på Rabben 10. Eigar Kjetil Jakobsen.

 

 

På Norsk Stein har Håkon og Johnny  denne veka hatt diverse betongarbeid rundt om. Eiliv har fortsatt på verkstaden,medan Kjell og Olav fortsatt er på graving.

 

I Hageveien har Leif Kåre,Wojciech og Darius arbeida med støttemuren for Sauda Kommune. På Brakamoen Barnehage har me støypt ei plate for grønnsakshage.

 

Gjermund og Nils Gunnar har denne veka fortsatt på landkaret på sentrumsida til Tangen gangbru. På bilete over ser me innstøypingsplata med boltefester, bli plassert pinleg nøyaktig med god hjelp frå Stian i Varicon!

 

 

Ha ei god veke!