10/1/2020

BS Nytt veke 2

Bra vær for bygg og anleggsarbeid, og me har bra med oppdrag i starten av året.

Det er godt vintervær for anleggsarbeid og me kjører på i mange forskjellige prosjekt.

På Eramet er Gjermund og Nils Gunnar starta med fundament til ny betongvegg for uthelling av skolder i Ovnshus 1.

 

Leif Kåre og Johnny støypte denne veka dei siste fundamenta til transportbandet for Roxel på Norsk Stein , og er nå gong med under-støyping av stålsøyler på siktehuset.

I Vanvik har Geir Egil og Håkon støypt ringmur på huset til Erling, og er nå godt i gong med isolering og klargjering for golvstøyp og nokre utvendige betongplater.

 

Wojchiech og Darius har denn veka  vore hjå Terje Olsen i Trosavikåsen, og klargjort for støyping av terassefundamenter, og ei betongplate mellom hus og garasje.

 

Ved Fivelandselva kraftverk går det fortsatt med å lukke grøfta for straumkabel, og me vil setje i gong med grusing av vegen. Det vert og oppstart av bore og sprengingsarbeid for utsprenging av deler av røyrgatetrase og tomt for stasjonsbygg snart.

På Tjødnaskarvegen har me fått lagt bekken i røyr nede på Espeland.

For Sauda Fjernvarme går det fortsatt i lukking av grøfta ved Eramet.

 

For Weldone har me fått tinga arbeid med betongfundamenter til gangbru mellom Sentrum og Tangen, som illustrert på bilete over.

 

ADK Kurs i Sauda mars:

Mange har ADK kurs som går ut denne våren, og det vert skipa til kurs for fornying her i Sauda 19. - 20. Mars.

 

Gratulera med dagen til Leif Kåre på søndag! Og til Eiliv med dagens hans på tysdag!

 

Ha ei god veke!