3/5/2019

BS Nytt veke 18

Det vart vintervær igjen, men det stoppar ikkje oss. Fortsatt har me mykje variert arbeid og noko som litt uavklart.

Det er Dalekovod som byggjer linje for Statnett som gir oss mest oppdrag for tida. Me er i drift med 3 gravemaskinar og leverer betong jevnt og trutt.

 

På Tangen har me no god aktivitet med forskaling av dekke og snarlig klart for armering.

Me har og hatt ein del mindre betongarbeid for diverse kunder. Blant anna nokre garasjegulv og ringmurar. Også litt for Eramet.

 

På Norsk Stein vart me ferdige med reinsk av finverk 100 førre veke, Håvard og Daniel er fortsatt utleigde til vedlikehaldsavdelinga. Og Olav og Kjell er stadig engasjerte med graving. Me vonar betongarbeida ved finverk 100 kan starte i veke 20.

 

Elfinn er ferdig med grøfta inne på Eramet og skal no flytte seg til Nip/Åbødalen for utgraving av hyttetomta til Lene Olsen Håheimsnes og Kjetil Håheimsnes

 

Vetle, Bjørn Tore og Tommy driv fortsattfor fullt i bustadtomta i Trosavikåsen med boring, sprenging og graving.

 

Ved idrettsbanen har me gang på grøfta med fjernvarme og fiber.

 

 

HMS

Riktig utstyr til rett arbeid. Me diskuterte vinkelkutter / sliper på førre personalmøte. Vurder nøye bruken av denne, og sørg for at du har opplæring på det aktuelle verktøyet!

 

Gratulera med dagen til Håkon i morgon, og til Leif Harald på tysdag!

 

Ha ei god veke.