26/4/2019

BS Nytt veke 17

Då var me ferdige med ein flott påskeferie og me er tilbake med mykje aktivitete på monge ulike stader

På Norsk Stein har Øyvind og Tor Helge fortsatt arbeida med reinsk av finverk 100, og dette er no snart i mål. Me vonar det snart vert oppstart av betongarbeid her, men me må lande kontrakt med hovudentreprenøren. Daniel og Håvard er fortsatt leigde ut til vedlikehald, og Olav og Kjell står begge på med gravemaskin.

 

Dalekovod er tilbake etter påskeferien, og i dag beltar me to maskinar opp til linja frå gardane i Tengesdal, maskina i Finnabuområdet kjem og i gong no etter kvart. Dei har også bestillt større leveransar av betong til neste veke.

 

På Bakeriet har Ølen Betong denne veka  montert hulldekkerover 1. etg på nybygget.

 

Også på Tangen Reinseanlegg har Ølen Betong vore i aksjon og montert veggelementer. Leif Kåre og Johnny har fylt masser opp til underkant isolasjon i gulver og klargjort for dekkeforskaling. Me set på meir ressurser for denne jobben no.

 

På betongsida har me også hatt ein del mindre jobbar for fleire kundar, hovudsakleg golv

som Darius og Wojchiech er flinke til å ordne fint, raskt og effektiv.

 

Håkon og Geir Egil er enda i eit par veker leigde ut til Ryfylke Bygg.

 

Elfinn driv fortsatt  med ei grøft for  vassleidning på Eramet for Sauda Rørhandel,men er ferdig om nokre dagar.

 

Vetle, Bjørn Tore og Tommy driv for fullt i bustadtomta i Trosavikåsen med boring, sprenging og graving.

 

 Frå Blandeverket er det stadig leveransar her frå dagens støyp i Hålamo svingen, vår kunde er Haugaland Bygg og Betong her.

Proresult,helligdagar og ferie /Fri:

Mange har ikkje ført helligdagane i Påsken, husk å gjer det!

Onsdag 17/4 er halve dagen helligdag (4 timer), resten er fri utan lønn, eller ferie,Eventuelt om du var på arbeid, så fører du det.

 

 

 

 

Ha ei god veke.