22/3/2019

BS Nytt veke 12

Stadig vårstemning og varierande vær, og også variert aktivitet hjå oss denne veka.

Måndag leverte me ca 70m3 betong til SR Entreprenør på Statnett Austarheim. Så me er i full gong med leveransen me vant førre veke.

Også til Dalekovod har me levert betong i fleire omgangar ut til Førrebotn. Me er og i sving med to mindre maskinar for utgraving til mastefundamenter i området Vatnedal –Finnabu for Dalekovod, og me hjelper dei og med litt ekstra rydding av snø og transport når det trengst.

 

På Tangen er betongarbeida no godt i gong,og me har fått støypt ferdig alle fundamentplater. I tillegg har me starta montering  av system til stadstøypt vegg i akse 2, og til fundamentvegger.

Ellfinn med maskin har flytta seg til Andreasmoen der han byggemodnar nokre tomter for Terje Jekteberg.

Johnny og Leif Kåre har i starten av veka hatt oppdrag for Weldone på Norsk Stein med reparasjon på eit betongfundament til eit stort transportbelte som er blitt påkøyrd. Dei har seinare i veka vore på Eramet og støypt ca 50m3 betong i mantlar for beskyttelse av bæresøyler i Limekilen.

 

På Norsk Stein har me og Tor Helge, Bjørn Andre og Øyvind som har vore engasjerte med reinsking av siloane på finverk100. Håvard og Daniel er fortsatt utleigde til vedlikehald på Berakvam.

 

Og Olav og Kjell er stadig i gang med gravemaskinar der ute.

 

 

Asfaltknusing som me har utført for Sauda Kommune er me no ferdige med.

 

HMS:

 Vi har foretatt vår årlige sertifisering av maskinar, og dette gjekk greit. Ingen alvorlege avvik, men nokre få saker må ordnast på nokre einskilde maskinar.

 

Gratulera til Darius med dagen torsdag 28. Mars!

 

Ha ei god veke!