3/1/2020

BS Nytt veke 1 2020

Eit nytt år er i gong, og me har pågåande prosjekt å starte på

Me har ein noko forsiktig start på det nye året. Været er svært gunstig for anleggsarbeid, og me har fullt trøkk på arbeida for Sauda Fjernvarme ved vakta til Eramet.

 

Ved Fivelandselva kraftverk er me i ferd med å lukke kabelgrøfta, og me vil setje igong med grusing av vegen. Det vert og oppstart av bore og sprengingsarbeid for utsprenging av deler av røyrgatetrase og tomt for stasjonsbygg.

 

På Tjødnaskarvegen er det fortsatt knusing av massar til forsterkingslag og me skal få lagt deler av bekken i røyr nede på Espeland.

Bustadtomta til Erling Vanvik.

 

For dei fleste betongarbeiderane har det vore litt utvida juleferie desse to dagane og me set for fullt i gong med betongarbeid frå måndag av. Me har blant anna arbeid med pumpehus for Eramet, og diverse betongarbeid for Norsk Stein. Me skal også har betongarbeid for ny bustad til Erling Vanvik i Vanvik. Alt dette startar opp frå måndag av.

 

Me tek med ei oppsummering frå 2019 her:

Januar:

Starten av 2019 er prega av lite arbeid, me  fullfører noko betongarbeid på Norsk Stein, men må elles ty til interne prosjekter på lager Birkeland og produksjon i grustaket. Me har noko arbeid for Paul Bjarne Foss ogfor Airen Solland. Mens Tangen renseanlegg kjem me ikkje i gong med før nærmare månedskiftet til februar. Me må ty til permitteringar og utleige til Ryfylke Bygg. Margretehe Stenhsolt byrjar som ingeniør!

Februar:

Fortsatt lite arbeid, men me byrjar med utgraving av tomta for Reinseanlegget på Tangen, og me får noko arbeid for Ryfylke Bygg med rehabilitering av Leif Moe bygget, som skal huse nytt bakeri i første etasjen.

Me tapte konkurransen om Risvollelva kraftverk som gjekk til Vikedal Mur og anlegg.

Mars:

Arnt Øystein ordnar med veg og parkering for hytta til Helge- og Liv Eik –Nes i Dalavik. Arbeida med Reinseanlegget til Tangen fortset, og me får leige ut bemanning til Norsk Stein sine arbeider med spyling og reinsk av siloar på det gamle finverk 100 som skal rehabilterast. Også eit par mann til vedlikehaldsavdelinga på Norsk Stein får me leige ut.

Me brøyter opp Vatndalsvegen og leverer eit par gravemaskiner til arbeid for Dalekovod sine arbeider med mastefundamenter for Statnett si nye linje. Me leverer også ein del betong til dette prosjektet allereie no i Mars.

April:

For Tangen Renseanlegg er me no i gong med betongarbeid. Tommy og Arnt Øystein er engasjerte med graving av mastefundamenter for Dalekovod. På Norsk Stein aukar bemanning og omfang med spyling og reinsk av siloar på finverk 100. I Trosavikåsen kjem me i gong med utsprening og graving for bustadtomta til Sigrid Klyve og Terje Olsen. Elfinn har arbeid med grøft for vassleidning på Eramrt for Sauda Rørhandel. Geir Egil og Håkon er fortsatt utleigde til Ryfylke Bygg. Me avviklar og påskeferie i april.

Mai:

Me ordnar tomt for ny hytte til Lene og Kjetil Håheimsnes ved Nip, og me vert enda meir engasjerte for Dalekovod med 3 gravemaskinar, og stadige betongleveringar. Me starta oppatt arbeida med fjernvamregrøfta ved stadion, og me fortset arbeida med Rensenalegg Tangen, Bakeribygg i sentrum og Finverk 100 på Norsk Stein. Me har ikkje lenger pemiterte, men fortsatt utleige til Ryfylke Bygg og Norsk Stein.

Juni:

Fortsatt er det arbeid med Renseanlegget på Tangen, og med det gamle finverket på Norsk Stein. Me kjem i gong med arbeider med luker på Svartkulp for Saudefaldene, og det vert etterkvart betongarbeid i bustadtomta i Trosavikåsen. Ved Rødstjern startar me gravearbeid for bustadtomt til Arve Solheim. Og på Fiveland har Elfinn arbeid med skogsveg. Me får også eit oppdrag frå Sauda Kommune ved inngangen til sjukehuset i Åbødalsvegen.

 

Julig/August:

Desse månadene er prega av ferieavvikling, men og godt med arbeid. I tillegg til Tangen, Norsk Stein og Dalekovod, Så starta me i august opp med bygging av tilkomstveg til Fivelandelva kraftverk.

Mot slutten av august opplever me ein kraftig flaum som blant anna gjer skader ved hytta til Lars Gusdal på Molla og ikkje minst også i Åsjuvet!

Johhny og Nils Gunnar får arbeid med oppgradering av bruer i Slettedalen for Saudefaldene.

 

September:

Arnt Øystein og Elfinn ordnar med opprydding etter flaumen ved hytta til Lars på Molla. Etterpå flyttar Elfinn seg til Birkeland for å grave grøft for Saudefaldene si 66 kV linje. Arnt Øystein set i gong med arbeida for Sauda Fjernvarme ved vakta til Eramet. Gjermund lagar fundament for Statnett som skal monterast i Saurdal og for Oscar Coll utfører med grunn og betongarbeid for påbygg og terasse ved hytta hans i Nordstøldalen.

Arbeida med tilkomstveg for Fivelandselva kraftverk tek til!

Me deltek på Norsk Stein sin open dag. Me har stadig to gravemaskiner hjå dei og me er engasjerte med rehabilteringa av finver 100, i tillegg har me frå tid til anna diverse betongarbeid der, og me har utleige av folk, slik at Norsk Stein er ein veldig viktig kunde for oss!

 

Oktober:

 Me vinn anbodskonkurransenom skogsvegen Tjødnaskarvegen på Espeland! Og fortsatt er det framdrift på ekstisterande prosjekt på Norsk Stein for Roxel, og på Tangen og for Sauda Fjernvarme. For Fivelandselva kraftverk er det full framdrift på tilkomstvegen. Og for John Oxaal legg me belegningsstein og asfalterer i tunet hans.

November:

Tor Helge Bø vert 70 år,og går av som pensjonist etter 33 år hjå oss!

Me er ferdige med arbeida ved Svartkulp og Geir Egil og Håkon ordnar med betongarbeid for eit tilbygg hjå Magne Prestegård i Svandal. Me starta med arbeida for Tjødnsskarvegen og me har arbeid for BRG ved Statnett på Austerheim. For Fivelandselva kraftverk starta me graving av kabelgrøft og skoging for røyrgatetrase. Arbeida for Sauda Fjernvarme fortset, og det same gjer arbeida for Roxel på Norsk Stein. På Tangen Renseanlegg lagar me fine uteområde med natursteinsmur osv.

 

Desember:

Fortsatt er det arbeida med Fivelandselva kraftverk, Finverk 100 på Norsk Stein, Tjødnaskarvegen og Sauda Fjernvarme ved Eramet som tar mest av kapasiteten vår. I tillegg har me betongarbeid for Eramet, og arbeid i forbindelse med ein stans på omn 11 der.  For Alf Magne Kaldeheim lagar me ein støttemur ved bustaden hans på Fløgstad.

2. Desember sel me blandeverket til Ølen Betong og Geir Birkeland og Håvard Askvik går over til dei som ansatte.

Alf Ottar går av som pensjonist når han vert 67 år 20. desember. Han avsluttar si 42 årige karriere hjå oss med å levere eit flott rekkverk til bakeribygget i sentrum!


Kilometerstand og timitellar på bilar, lastebilar og maskinar. Huks å melde inn dette no ved årsskiftet!

 

Ha ei god veke!