4/1/2019

BS Nytt veke 1

Mindre arbeid for oss no, men ein del ventar, og været er mildt og fint for våre arbeider.

Ja, så var me i gong med eit nytt år igjen, været er med oss, det er mildt og fint, me har mindre arbeid, men har valgt å produsera ein del massar i grustaket som har blitt satt noko på vent i ein travel sesong, samt noko rydding, klargjering og avdekking for nyproduksjon..

På Norsk Stein har me denne første veka i året jobba lange dagar, for å koma i mål med betongarbeida til vaskeanlegg, og til pumpecontainer. Alt må være klart for vidare bygg / leveransar i neste veke. Me støypte fundament til pumpecontainer i går, ca 45m3, og på måndag vert det støyping av ca 40m3 til stabbefundamenta på vaskeanlegget.

 

 

Hjå Airen Solland her borte på Saunes, fekk me revet forskalinga til carporten og støyper ein overvasskum i dag.

 

På Brekke hjå Paul Bjarne Foss har me denne veka klargjort for støyp av ringmurar til påbygg av hus og ny garasje.

 

For Veidekke på Statnett Austerheim har me montert bru-rekkverk med autovern på støttemuren bak muffesjakter.

 

Oppdraget med grunn – VA og betongarbeida for det nye reinseanlegget på Tangen – må nok enda vente litt før me kjem i gong att. Leiinga av prosjektet i Sauda Kommune stadfestar at dei er på saka,og gjer det dei kan for å få løyve til å setje i gong, men enda manglar det nokre formaliteter. Me kryssar for fingrane for start no i januar, mildværet me har no hadde vore svært gunstig for gravearbeida!

 

Me har denne veka starta opp arbeida for Ryfylke Bygg, med klargjering for påbygg og rehabilitering av Leif Moe bygget i sentrum, der Rysteg opnar nytt bakeri.

 

Arbeida med fjernvarmerøyr ved stadion er fortsatt i gong. I Birkelunden skal me til med ein ny kum for fjernvarme og har grave opp denne, men diverre vert det av ulike årsaker no mest hensiktsmessig å utsetje resten av arbeida til våren. Også for grøfta ved stadion vil sjølve tilkoplinga måtte vente, men grøfta skal fyllast igjen utanom tilkoplingspunkta i begge endar.

 

På lageret vårt på Birkeland, sprenger me noko meir fjell, for å produsere knuste massar i grustaket, og for å opparbeide tomta enda meir.

Me skal også no få fullført tak-reolane for lagring av meir materiell og utsyr under tak.

 

Tomta til Sigrid Klyve og Terje Olsen iTrosavikåsen, har me fått bestilling på, søknaden er no under utarbeiding, og me vonar det vil gå greitt og raskt, å få kome i gong med dette.

 

 

Risvollelva kraftverk.

Her reknar me no anbod som skal leverast mot slutten av månaden, det vert spanande å sjå om me kan klare å gi eit tilbod som når opp her.

 

Endring av arbeidsoppgåver i leiinga.

I det nye året tar Rune over nokre av Rolf sine oppgåver som avdelingsleiar i vår avdeling for grunnarbeid. Det betyr at Rune tek seg av ulike kundar sin førespurnad innan dette faget, og følgjer opp desse med å gje tilbod. Han vil og ha det formelle ansvaret for avdelinga, medan Rolf fortsatt vil ta seg av person og maskin/transport koordinering, og vil følgje tettare opp drifta i grustaket

 

HMS

Det vart i BS Nytt eit par veker før jul nemnd HMSE revisjon frå Eramet. Denne gjekk greitt, men det vart peika på nokre forslag til forbetring, den eine var at rapportering av avvik, farlege forhold og forslag til forbetring frå oss som leverandør og til Eramet som kunde/byggherre var for låg.

Me snakkar jo og om dette internt hjå oss, og viktigheten av å bruke dette som eit HMS verktøy.

Det same gjeld for å rapportere til kunde/ oppdragsgjevar. Fint om alle har som mål for seg sjølv å skrive minst ein RUH i 2019!

Me hadde vår tradisjonelle juleavslutning i matsalen rett før jul og nytta då høve til å heidre tre 20 års jubilantar:

 Jan Erik Svandal, Geir Egil Jårvik og Gunstein Vanvik har i 2018 vore tilsette i 20 samanhengjande år hjå oss!

 

Ha ei god veke!