11/1/2019

BS Nytt Veke 2

Mildt og fint vær til å var januar, men diverre for lite arbeid for oss no.

Me har hatt ein mild januar så langt, noko som er bra for oss, men keisamt for skisenter og for dei som set pris på skisport i fritida.

Det vert no ein roleg periode med lite arbeid, og me må no permittere. Me vonar det vert kortvarig og at ting kan få snarleg oppstart, og nye anbod kan vinnast.

 

På Norsk Stein har me fullført betongarbeida som me har vore engasjerte med den siste tida. På måndag vart det støyping som planlagt av vel 40m3 til stabbefundamenta på vaskeanlegget. Det blei deretter riving av forskalinga for dette og noko opprydding. Midt på dagen onsdag var me heime igjen med mannskap, og utstyr og oppdraget er dermed over for denne gong. Me takkar for det og ser fram mot moglege nye oppdrag for Norsk Stein.

 

Olav og Kjell er jo meir eller mindre fast der med sine gravemaskinar. Olav parkerer sin maskin neste veke – for å oppdatere YSK kurset sitt som trengs for å kunne kjøre storbil i næringsverksemd.

 

For Veidekke på Statnett Austerheim har me utført diverse små jobbar og starta med forskaling av 2 stk ende-vegger bak muffesjaktene. Det erno avgjort at ein skal støypa desse to endeveggene med høgde 3,5 meter og tilføra ca 3 – 400 tonn fin pukk for sikring og drenering bak muffesjaktene.

 

Hjå Paul Bjarne Foss har me denne veka støypt ringmurane til påbygg og ny garasje og i tillegg ei trapp til kjellar.

 

Me har og hatt diverse småoppdrag med støyp av garasjegolv hjå Roald Handeland og klargjort for støyp av garasjegolv og planert bak huset til Airen Solland.

 

Oppdraget med grunn – VA og betongarbeida for det nye reinseanlegget på Tangen – har me no fått signal om kan verte starta i neste veke. Me kryssar fingrane for at det skjer!

 

Arbeida med fjernvarmerøyr ved stadion er fortsatt i gong, men nærmar seg no ein mellombels stopp, før tilkopling utpå vårparten.

 

På lageret vårt på Birkeland, har me også denne veka sprengt noko meir fjell og arbeidar vidare med tak reolane.

Bjørn Tore vil i neste veke flytte seg med maskin og boretårn til Vanvik for å gjere noko bore- og sprengearbeid for Gunstein der.

 

I Grustaket har me fortsatt produksjon og også noko ryddearbeid og vedlikehald.

 

 

 

Ny Ingeniør.

På måndag denne veka fekk me Margrethe K Stensholt i gong her som ny ingeniør. Ho er nyutdanna frå NTNU med ein master i bygg og miljøteknikk.

Me ønskjer Margrethe hjarteleg velkomen til oss og vonar du trivst og blir lenge!

 

 

HMS

Generelt er trafikk eit risikoelement me er utsatt for.

Øyvind Djuv var på tråden om ei nesten-ulykke mellom bil og leikande barn i hyttefeltet Haugane i Svandal nyleg. Her er fartsgrensa kun 20 km/t og denne skal overhaldast!

Me var ikkje involvert i denne nestenulykka, men vil bruke den som ei påminning om faren i trafikk generelt og at fartsgrensa i Haugane er spesielt låg av ein grunn, og skal overhaldast, liktsom alle andre fartsgrenser!

 

Gratulera med dagen til Leif Kåre og Nikolai (jr) på laurdag og til Eiliv på måndag.

 

Ha ei god veke!