BS Nytt uke 23

Variert arbeid i variert vær denne veka.

Me har nå komme over elva på Fiveland og klargjer for fundament til bend på andre sida neste veke. Ved inntaket har me leia om elva og ein bekk, og er godt i gong med sprenging for inntak og røyrgate ut frå inntaket.

 

Me har hatt ein del asfaltering rundt om denne veka som NCC har tatt seg av, me ordnar klargjeringa før asfaltering i mange av jobbane med dette.

I Hagevegen har Stian og Wojchiech fullført arbeida for Sauda Kommune, slik at me kan få lagt asfaltogså der. Dette vert gjort nå i dag.

 

 

På Norsk Stein har me hatt Olav, Kjell og Ole Magnus i drift denne veka.

 

Leif Kåre og Håkon lagar ein støttemur for Eirik Birkeland på Fløgstad. Etter dei er ferdige her er planen at dei skal starte på ei betongplate utanfor det nye lagerbygget på Norsk Stein.

 

Gjermund og Nils Gunnar har rive eit lagerbygg for BRG på Statnett Austerheim. Dette gjekk fint med maskinhjelp frå Bernt Egil, og dei har no fått nokre andre oppdrag i områda på Austerheim.

 

I Grustaket har me fått produsert opp ein del solla jord så lenge med hadde fint vær. Det vert nå produksjon av betongtilslag.

 

Gratulera med dagen til Heidi som var onsdag 3.juni. Og gratulera til Ove med dagen hans 11. juni.

 

 

Ha ei god veke!

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.